menu-iconlogo
huatong
huatong
gte-fanitullen-cover-image

Fanitullen

Gåtehuatong
nachicagohuatong
Liedtext
Aufnahmen
I desse traumetider kor makt i ørske rår

Og ragnarok på nyom kan skapa pinekår

Der menneske som jotnar kan kjempe gudar ned

Og berre domedagen kan gjeva varig fred

Står det eit blodig brudlaup på denne vesle jord

Der mørkemakter kjempar mot dei som er av sol

Og fatige må lide for dei som har det flott

Frå livsens mørke-kjellar det lydest enn ein slått

Der svik og svartsjuke er som grøde

Som veks av udådar, drap og døde

Der hat og rovlysten ligg på lur

Og valdar livet bak lås og mur

Der lyder slåtten av skrik og pine

Frå spelemannen i blåne-skinet

Om noko lukkast og står til liv

Den aggen atter til vanvet driv

Det bit og knasar i bein og krafsar

Med kjøtermunnar som blodet slafsar

Av heilt uskuldige, tekne att

Og strupekvelte i ævig natt

Den må seg fredlaus til grava slepa

Som søkjer sæla i det å drepa

Kvar gong ein kvitkledd er kjempa ned

Da finn den svarte i slåtten fred

I desse traumetider kor makt i ørske rår

Og ragnarok på nyom kan skapa pinekår

Der menneske som jotnar kan kjempe gudar ned

Og berre domedagen kan gjeva varig fred

Står det eit blodig brudlaup på denne vesle jord

Der mørkemakter kjempar mot dei som er av sol

Og fatige må lide for dei som har det flott

Frå livsens mørke-kjellar det lydest enn ein slått

Mehr von Gåte

Alle sehenlogo